Industriell økologi

Industriell økologi omfattar miljøspørsmål knytt til industrielle system og industriprodukt. Dette inkluderer forsking på å auke kunnskapen om korleis ein kan redusere miljøbelastninga frå industriell produksjon og produkt.

Ei doktorgradsavhandling skriven av Otto Andersen ved Vestlandsforsking tek føre seg problem og utfordringar for koplinga mellom transport og industriell økologi.

Vestlandsforsking fullførte nyleg koordineringa av eit stort prosjekt finansiert av EU-kommisjonen, om styrking av samarbeidet mellom Kina og Europa om utvikling av miljøvenleg elektronikk (http://cordis.europa.eu/project/rcn/81246_en.html).


Kontaktpersonar