Fritidsforbruk

Fritidsforskinga ved Vestlandsforsking kretsar om to tema: fritidsforbruk og friluftsliv.

Med fritidsforbruk meiner vi forbruket knytt til den frie tida, som i denne samanhengen har blitt definert ut frå begrepspara arbeidstid/fritid og bunden/ubunden tid. Vi har også fokusert på bustaden som arena for fritidsforbruk. Miljøbelastning ved fritidsforbruket kan målast i form av energiforbruk per krone eller tidseining brukt på dei ulike aktivitetane, eller i termar som økologisk fotavtrykk.

Friluftslivsforskinga gjeld reisevanar og -preferansar ved utøving av friluftsliv. Vi tematiserer også berekraftsdimensjonen ved rekreasjonsbruk av utmark.


Kontaktpersonar

Carlo Aall

Forskingsleiar

991 27 222

carlo.aall@vestforsk.no