Fornybar energi

Forskingsprogrammet for fornybar energi ved Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane vart oppretta i 2008. Det er per 01.01.2011 fire fast tilsette i forskingsprogrammet, ein professor og tre doktorgradsstipendiatar. Hausten 2011 vert programmet utvida med 2-3 nye forskarstillingar. Forskingsgruppa er tverrfagleg samansett, og gjennomfører forskingsoppdrag og doktorgradsprosjekt innanfor både samfunnsvitskaplege og naturvitskaplege fagfelt.

Forskingsprosjekta omfattar mellom anna studiar av ikkje-teknologiske og teknologiske barrierar for ny fornybar energi i Noreg, ulike finansierings- og støtteordningar for vindkraft i EU-statane og regionaløkonomiske konsekvensar knytt til satsing på vindkraft i Norden og Europa. I tillegg gjennomfører forskargruppa for tida såkalla livslaupsanalysar (livsyklusanalysar) av andre- og tredjegenerasjons biodrivstoff, og studiar av iverksetjing og kommersialisering av nye energiteknologiar.

Forskingsgruppa for fornybar energi er ein del av forskingssamarbeidet Centre for Sustainable Energy Studies (CenSES). CenSES er eit nasjonalt forskingssenter som legg vekt på studiar og beslutningsstøtte som fremjar eit meir berekraftig energisystem. CenSES integrerer innsikt frå energiøkonomi, energisystemanalyse, statsvitskap, sosiologi, innovasjonstudiar, teknologi- og vitskapsstudiar. For tida er 11 stipendiatar knytte til senteret, og ytterlegare 11 stipendiatar er under tilsetjing. 15. februar 2011 vart CenSES valt ut som eitt av tre nasjonale forskingssenter for samfunnsfagleg energiforsking og miljøvenleg energi (FME).

Frå skuleåret 2010-11 er det oppretta eit treårig bachelorstudium i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Professor Erling Holden, HSF, er ansvarleg for studiet og koordinerer arbeidet i forskingsgruppa. Forskingsprogrammet har elles ein gjensidig dialog med ei oppnemnd referansegruppe, der Sogn og Fjordane Energi, Statkraft, Sognekraft, Aurland Energiverk, Luster Energiverk, Lærdal Energi, Årdal Energi og Sparebanken Sogn og Fjordane er representerte.