E-handel i små og mellomstore bedrifter

IT i små og mellomstore bedrifter er eit sentralt område for it-forskinga ved Vestlandsforsking. Næringslivet i regionen er i hovudsak basert på SMB og det gjer det til eit naturleg tema. Vi har i ulike prosjekt sett på informasjonsspreiing og informasjonsopptak i SMB og studerer også verknaden av slike tiltak opp mot innovasjonsgrad og fornying.