E-forvaltning og offentleg organisering

Under temaet e-forvaltning og offentleg organisering arbeider vi med både IT-bruk i offentleg sektor og organisasjon, administrasjon og leiing. Vi arbeider med den delen av e-forvaltning som handlar om å setja brukarane i stand til å utføra mest muleg av tenester sjølve på nettet. Arbeidet er særleg knytt opp mot offentlege verksemder sin bruk av eigne vevtenester og også om samspelet mellom vevtenestene (interoperabilitet).

Evaluering og rådgjeving innanfor offentleg organisering inneber fleire forhold. I jakta på den gode styringsmodellen har mange kommunar og fylkeskommunar dei seinare åra gjennomført større eller mindre omorganiseringar. Statlege reformer har elles endra både den politiske styringa og den administrative organiseringa innanfor fleire av dei store offentlege tenesteområda. Regjeringar har, uavhengig av politisk ståstad, snakka om fornying av offentleg sektor som eit tverrpolitisk mål.

Vellukka endringsprosessar og innføring av nye organiseringsformer krev gjennomtenkte målsetjingar, god planlegging, involverande og forankra gjennomføring og ei målretta og ofte tolmodig oppfølging. Det er også viktig å vere open for justeringar, både undervegs og etter noko tid. Vestlandsforsking ønskjer å bidra i utviklinga av gode styringsmodellar innanfor det offentlege. Vi tilbyr rådgjeving og evaluering i skjeringspunktet mellom samfunnsøkonomi, IKT, organisasjonsteori og statsvitskap.


Kontaktpersonar

Svein Ølnes

Forskar og gruppeleiar IT

917 39 918

svein.olnes@vestforsk.no

Publikasjonar

Prosjekt