Berekraftig mobilitet

For å fremje berekraftig mobilitet er det tre hovudstrategiar som gjeld: effektivitet, substitusjon og reduksjon. Desse strategiane kan førast tilbake til Brundtland-kommisjonen sin rapport “Vår felles fremtid” frå 1987, arbeidet som har pågått i FN-systemet seinare og den internasjonale litteraturen på området.

Tankegangen bak effektivitetsstrategien er at vi må utvikla teknologiske løysingar (konvensjonelle og alternative) som gjer transporten meir effektiv med omsyn til drivstofforbruk og utslepp.

Substitusjonsstrategien rettar seg mot korleis vi reiser, eller det vi kan kalla transportmønsteret. Det sentrale punktet er altså ikkje kor mykje vi reiser, men korleis desse reisene blir gjennomført.

Reduksjonsstrategien avviser at betre teknologi og samansetning av reisene våre er tilstrekkeleg. I tillegg til å reise meir effektivt og utvikle eit nytt transportmønster, må vi rett og slett reise mindre. Dette gjeld og for godstransport som må reduserast.

 


Kontaktpersonar

Publikasjonar

Prosjekt