Alternative drivstoff

Med alternative drivstoff meiner vi nye typar brensel for bilar og andre transportmiddel, som er alternativ til dei konvensjonelle drivstoffa bensin og diesel. Spesiell fokus er retta mot to typar drivstoff:

  1. Fornybare drivstoff produsert frå biologisk materiale. Dette omfattar biodiesel, alkoholane etanol og metanol, i tillegg til biogass. Stor merksemd er mot innblanding av biodrivstoff i konvensjonelle drivstoff, og dei helse- og miljøproblem dette fører med seg.
  2. Hydrogen, som kan produserast frå ulike energikjelder, t.d. ved elektrolyse av vatn og frå naturgass.

Forskinga er retta inn mot å forstå samfunnsmessige vilkår for innfasing og dei helse- og miljømessige implikasjonane av dei ulike alternative drivstoffa.



 


Kontaktpersonar

Publikasjonar

Prosjekt