Travelistics – Styringsinformasjon for reiselivet

Rapport
Id:
2013-6
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Dataane er i stor grad der, men må samlast, systematiserast og gjerast tilgjengelege. Attraksjonane har besøkstal, vegvesenet har vegtrafikktal og ferjetrafikktal, busselskapa har passasjertal, cruise-næringa samlar detaljert informasjon om anløp, ilandstiging og ekskursjonar, nasjonalparkane tel gjester, og ikkje minst sit Statistisk sentralbyrå (SSB) på enorme mengder data.

Mykje ligg til rette for å ta dataane i bruk, og satsinga på opne data som DIFI står for, kan vere med å gjere dette enklare. For effektiv bruk av data er det viktig at statlege etatar, og då særleg SSB moderniserer og gjer dataane sine tilgjengeleg på ein slik måte at også andre lett kan ta dei i bruk.

Auka fokus på segmentering av marknadsføring og produkt i reiselivsnæringa har gjort at betre og meir lokal informasjon om turistane blir etterspurd. Kven er turistane, kvar kjem dei frå, og kva type ferie vil dei ha? Samtidig ynskjer dei offentlege institusjonane å vite om tiltak for næringsutvikling har effekt og om det er fokus på rett område. Saman med data om økonomisk og miljømessig berekraft kan dataane brukast til utvikling av styringsverktøy for utvikling av reiselivsnæringa.

Eit verktøy for analyse, presentasjon og visualisering av data bør kunna brukast både av bonden som driv gardsturisme i cruise-løypa og av sakshandsamaren og hotelldirektøren. Og ein må lett kunne dele analysane, oversiktskarta og diagramma på internett. Medan prosjektet har avgrensa seg til Sogn og Fjordane, og ber preg av fokus på små aktørar, har resultata nasjonal relevans. Behova finst i heile landet.

 

rapport_1.pdf (2.19 MB)