Det grøne skiftet - heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane

Rapport

Publiseringsdato

16.04.2017

Pubid

2017-5

Rapporten er ein kunnskapsbase for å vurdere lokal klimasårbarheit for kommunar i Sogn og Fjordane. I rapporten har vi utvida det tradisjonelle perspektivet på klimasårbarheit med følgjande to element: Indirekte klimasårbarheit for klimaendringar i andre land og sårbarheit for ein meir ambisiøs internasjonal og nasjonal klimapolitikk. Rapporten drøftar også Statistisk sentralbyrå si nedskalering av nasjonale klimagassutslepp til kommunalt nivå, og konkluderer med at desse tala ikkje er eigna til å vurdere måloppnåing for lokale klimatiltak – og peikar i staden på at kommunane bør utvikle lokale indikatorbaserte system for dette føremålet.

Resultat av prosjekt