Prosjektet skal utarbeide samfunnsrekneskap for Oslo Sporveier for 2003. I samfunnsrekneskapen skal påverknaden frå persontransporten i konsernet samanliknast med den øvrige persontransporten i Oslo. Det blir gjort ved å talfeste energibruk og utslepp av CO2, NOx, PM10 og PM 2,5 for dei ulike formene for persontransport. Samfunnskostnader ved ulike utslepp blir rekna ved å tillegge dei ulike utsleppskomponentane eigne kostnadsfaktorar. Ulykkeskostnader og støykostnader ved dei ulike formene for persontransport vil også bli tallfesta. I tillegg skal det gjerast ein analyse av brutto direkte energibruk.