Studie av personifiserte, offentlege vevtenester

Vestlandsforsking har fått i oppdrag av Nett.no-prosjektet (Fylkesmannen, fylkeskommunen, KS S. Og Fj.) å kartleggja status på området offentlege personifiserte vevtenester. Sentralt i problemstillinga står utfordringa om å kunne følgja sine eigne data på tvers av forvaltningsorgan. Det er også eit viktig moment at data skal følgja brukaren frå den eine offentlege instansen til den andre, og at det skal skje på ein mest muleg saumlaus måte. Vi skal føreta ei statuskartlegging av tilstanden her i landet og i andre land, i første omgang EU-land. Statuskartlegginga er første del av prosjektet og det skal etter planen lagast ein rapport til 3. Juni. Andre del av prosjektet er ei kartlegging av kompetanse innafor dette området her i fylket med tanke på eit pilotprosjekt. Vi skal også skissere ein plan for eit pilotprosjekt.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Prosjektnummer:
5221
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar:
Publikasjon(ar):