Vestlandsforsking er deltakar i Ressursnettverk for e-forvaltning. Ressursnettverket har fått finansiering gjennom Verdikt-programmet for eitt år i første omgang, med mulegheit til finansiering i ytterlegare to år. Det er oppretta fem tematiske knutepunkt der Vestlandsforsking har fått ansvaret for interoperabilitet i offentleg sektor. Andre knutepunktfunksjonar er
• Gevinstrealisering (Kompetansesenteret for e-forvaltning, Agder)
• eDemokrati (Universitetet i Agder)
• Ny teknologi i eforvaltning (NTNU)
• Personvern og automatiserte avgjerder (UiO/AFIN)

I tillegg har Statskonsult og KS knutepunktfunksjonar for informasjonsspreiing og kontakt med respektive statleg og kommunal sektor.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
The Research Council of Norway
Prosjektnummer:
6104
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Aktuelt:
  • Vestlandsforsking inviterte saman med Norstella til seminar om opne data og samhandling i offentleg sektor, torsdag 10. juni. Seminaret var ein del av arbeidet i Ressursnettverk for e-forvaltning, eit nettverk finansiert av Forskingsrådet gjennom Verdikt-programmet.

  • Det som skulle vore live-blogging frå seminaret, vart stoppa av eit nettverk i konferanselokalet som ikkje fungerte. Her er likevel ei oppsummering av seminaret som samla rundt 70 deltakarar i dag (27. aug.).

  • Som ein del av arbeidet innan Ressursnettverk for e-forvaltning, arrangerer Vestlandsforsking seminar om elektronisk samhandling den 27. august.

  • Forskar Svein Ølnes var invitert til å halda ein presentasjon om status for semantisk interoperabilitet i norsk offentleg sektor. Det skjedde på møte i Semic.eu si Advisory Group i Brussel, 15.10.2009