Rapporteringskrav mot kommunane - eit nedanfrå-og-opp-prosjekt

Prosjektleiar for heile prosjektet er Oddbjørn Bukve, Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Vestlandsforsking skal saman med Høgskulen, fylkeskommunen, Fylkesmannen, KS og NAV, alle i Sogn og Fjordane, gjennomføre eit forprosjekt for å vurdere omfanget av rapporteringskrava mot kommunal sektor og korleis denne kan forenklast.

Dette er eit nedanfrå-og-opp-prosjekt, der eit heilt sentralt føremål er å sjå rapporteringa frå kommunane si side. Kommunesektoren er utsett for store krav til rapportering, og det er registrert ein aukande misnøye med omfanget.  Dette forprosjektet skal leggje grunnlaget for ein søknan om eit hovudprosjekt som omhandlar innovasjonspotensialet i kommuane når det gjeld effektivisering, forenkling og fornying av rapporteringsarbeidet.  I forprosjektfasen er målet å få mei kunnskap om det faktiske omfanget av rapporteringskrav mot kommunane og kor mykje ressursar kommunane brukar på rapportering, kor relevalt og påliteleg rapporteringa er.

Meir om prosjektet

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Regionalt forskingsfond Vestlandet
Prosjektnummer:
6323
Prosjektleiar: