Prøvefylke for Klimatilpasning Norge

På oppdrag frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap samlar Vestlandsforsking inn relevant materiale og døme på klimatilpassing frå Sogn og Fjordane. Stoffet blir presentert som nettartiklar på ein nasjonal portal for klimatilpassing med lansering hausten 2008.

Klimatilpasning Norge er ei nasjonal satsing på tvers av departementa, under leiing av Miljøverndepartementet. Sekretariatet er lagt til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Nettportalen for klimatilpassing skal fungere som ein vegvisar for tilpassingsarbeid. Portalen skal vise veg til informasjon om konsekvensar av klimaendringar for kvar region og om kva slags omsyn det er viktig å vurdere i åra framover. Gode og framsynte tiltak frå ulike kommunar og sektorar blir presenterte.

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Prosjektnummer:
6130
Prosjektleiar:
Forskar og kommunikasjonsansvarleg
Publikasjon(ar):