Politikk, administrasjon og ansvar. Konsekvensane av det hierarkiske ansvarsprinsipp etter kommunelova pgf. 23 og pgf. 9

I kommunelova er det føreteke ein grenseoppgang mellom politikk og administrasjon ut frå eit hierarkisk ansvarsprinsipp. Administrasjonssjefen har full instruksjonsrett overfor administrasjonen, og ansvaret overfor politikarane. Kommunale utval har sitt ansvar delegert frå kommunestyret. Unntak gjeld område der særlover seier noko anna. Vi ynskjer å studere kva konsekvensar grenseoppgangen har for dei politiske partia, for politikarrolla, for styringsforhold i administrasjonen og for administrasjonens demokratiske ansvar. Første fase er ein casestudie av fem kommunar som politisk og/eller administrativt har omorganisert ut frå prinsippa i kommunelova. Administrativ hierarkisering omfattar reorganisering frå etatar til avdelingar/seksjonar, men òg innføring av leiargrupper etc. Grenseoppgangen mellom politikk og administrasjon omfattar m.a. endring frå hovudutval til komitémodell. Vi trekker òg inn parlamentarismen som ei form for slik grenseoppgang. Denne forma er til no vald i berre ei kommune. I dei fem kommunane gjennomfører vi personlege intervju med eit utval partitillitsvalde, politikarar og tilsette. Desse intervjua supplerer vi med surveyintervju med eit større tal informantar. I fase to av prosjektet vil vi gjennomføre surveyintervju til same informantgrupper i eit større tal kommunar, for å teste hypotesar som vert utvikla i den intensive prosjektfasen. I begge fasar brukar vi kommunedatabasen ved NIBR for å velje ut representative kommunar.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
3176
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: