Kvalitetssystem for å sikre profil som reisemål i verdsklasse

Prosjekt

Prosjektnr

6063

Tidsrom

31.08.2006 - 30.12.2009

Prosjektleiar

Prosjektdeltakarar

«Kvalitetssystem for å sikre profil som reisemål i verdsklasse» (KSR Sognefjord), var eit Skattefunn-prosjektet som sette seg føre å sikre at reisemålet Sognefjorden held på, og utviklar enno høgare standard. Saman med ei gruppe hotell i Hotellgruppa i Sogn, vart det utvikla eit kvalitetssikringssystem, ein tiltakspakke og ein verktykasse for næringa. Representantane for hotellgruppa bidrog med sin kunnskap om marknad, behov og moglegheiter, medan Vestlandsforsking bidrog med sin kompetanse på forsking.

Eit av verktya i prosjektet – Nettbasert opplæring og informasjonssamling for reiselivet i Sogn – er løyvd tilskot frå Sogn regionråd.

Eit av verktya, Sognefjord-kartet, er publisert og tilgjengeleg under ein fri lisens, til fri vidarebruk.