Korleis møte kunnskaps- og rettleiingsbehovet i kommunar og fylkeskommunar på området klimatilpasning?

Vestlandsforsking skal på oppdrag frå KS utarbeide eit lysarkbasert notat som skal utgreie fylgjande to spørsmål:

  1. Korleis kan kommunar (og fylkeskommunar) starte prosessane med å utvikle ein politikk for å tilpasse seg klimaendringar?
  2. Korleis kan KS gi rettleiing til kommunesektoren (og fylkeskommunane) om korleis ein bør starte ein prosess med å utvikle ein politikk for å tilpasse seg klimaendringar?

Vi skal vidare sjå på følgjande delspørsmål:

  • Korleis skille mellom utfordringar på kort sikt som kommunesektoren først bør gripe tak i, og utfordringar på lang sikt som krev meir langsiktig innsats?
  • Alle kommunar skal gjennomføre ROS-analyse. Korleis kan kommunane bruke planlova som eit verkemiddel i klimatilpasning?
  • Den nye plandelen i PBL blir sett i verk frå 1. juli. Korleis kan kommunane bruke planlova som eit verkemiddel i klimatilpasning?
  • Alle kommunar skal ha planar for klima og energi. Korleis kan kommunane bruke klima- og energiplanane som eit verkemiddel i klimatilpasning?
  • Planlova krev at kommunane skal ha tilgang på kompetanse. Kva  kompetansemiljø er relevante som kommunane kan dra nytte av på sikt?
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
KS
Prosjektnummer:
6164
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar
Publikasjon(ar):