Utgangspunktet for prosjektet er at mykje av den maten som blir produsert på økologisk drivne gardar ikkje blir omsett som økologiske produkt til forbrukar. Vår oppgåve blir å studere handsaminga gjennom verdikjeda for dei produkta og områda der ein har lykkast/ikkje lykkast med å få produkta fram til forbrukar med økologisk merking. Vidare skal vi vurdere kva virkemiddel styresmaktene kan nytte for å nå målet sitt om at minst 75% av den økologiske produksjonen innan 2003 skal bli omsett som økologisk. Prosjektet vil bestå av internasjonal litteraturstudie, empirisk undersøkiing i Norge og syntese som skal munne ut i framlegg til tiltak.