Kartlegging av offentlege vevtenester

Vestlandsforsking har fått i oppdrag å kartleggja og kategorisera offentlege nett-tenester. Eit utval på mellom 450 og 500 statlege og kommunale vevtenester er plukka ut. Første del av arbeidet er ei kartlegging av tal offentlege verksemder med eigne informasjons-sider på internett. Resultatet skal presenterast på norge.no i form av eit Nettmeter.

Nettmeteret blir ei automatisk overvakingsteneste for tilstanden i offentlege sektor med omsyn til informasjon på internett. Nettmeteret vil bli tett integrert med datagrunnlaget i norge.no og kan også tenkjast å brukast til å presentera andre sider av offentlege nett-tenester.

Andre del av prosjektet er ei kategorisering av dei same vevtenestene etter ein utviklings-modell. Utviklingsmodellen er delt i fire trappetrinn: 1. Publisering ("brosjyre på nettet") 2. Målretta informasjon ("enkel interaktivitet") 3. Individuell kommunikasjon ("vertikal integrasjon") 4. Interaksjon og samhandling ("horisontal integrasjon") Utviklingsmodellen har brukarorientering/-service som ein akse og tenestekompleksitet/gevinstpotensiale som ein annan akse. Ferdig rapport skal føreliggja i mars/april 2001.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Statens informasjonsteneste
Prosjektnummer:
5192
Prosjektleiar:
Seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar: