Integrerte kommunale tenesteportalar

Prosjekt

Prosjektnr

5285

Tidsrom

31.12.2004 - 30.12.2005

Prosjektleiar

Prosjektdeltakarar

Hovudmål for "integrerte kommunale tenesteportalar i Sogn og Fjordane" er å utvikle, samordne og etablere avanserte breibanddrivande innhaldstenester frå kommunale, regionale og statlege etatar med vekt på brukarløysingar med PKI, integrerte GIS-tenester og supplerande utrulling av breiband i dei dårlegast utbygde områda i fylket. Prosjektet skal løfte alle kommunane i eit fylke og sikre at både lokalt og regionalt nivå er i første rekke for å implementere nasjonale moderniseringsstrategiar for offentleg sektor. Arbeidet er sikra gjennom tett samarbeid med dei tre "regionale klustra" i fylket - Nordfjord, Sunnfjord & Ytre Sogn og Midtre & Indre Sogn samt fylkeskommunen og kunnskapsmiljøa i fylket. Vestlandsforsking har ansvar for LivsIT og prosjektleiinga.