Det overordna målet med BIVUAC-prosjektet er å utvikle ein modell som viser samanhengar mellom:
- tilpassingskapasiteten hos eksisterande/framtidige bygg og VA-infrastruktur
- dagens klimapåkjenning
- venta klimapåkjenning (ut frå valte klimascenario)
Dei underordna måla i prosjektet er å:
- Kartlegge sårbarheit og tilpassingskapasitet i eit utval case, med sikte på å peike ut indikatorar for klimarobustheit
- Analysere uvissa ved natur- og samfunnsaspekt ved klimasårbarheit, med tanke på å utvikle tilpassingsstrategiar for bygningssektoren
- Foreslå tiltak og strategiar for avgjerdsstøtte for å gjere bygningsmasse og VA-infrastruktur (av ulik alder) i byar og bygdebyar meir robuste mot klimaendringar
- Formidling av prosjektresultat til utvalte målgrupper, inklusive undervisning
