Brukarundersøking av Statens tverrsektorielle informasjonsnett

Vestlandsforsking har fått i oppdrag å gjennomføre to brukarundersøkingar av Statens tverrsektorielle informasjonsnett. Dette er eit samlenamn for dei tre tverrsektorielle informasjonsnetta Departementsnett (Depnett) , Statens sentrale informasjonsnett (SSI) og Statens regionale informasjonsnett (SRI). Brukarundersøkingane skal fange opp kor nøgde brukarane er med informasjonsnetta, og kva utvikling som har skjedd frå første til andre undersøking. Første undersøking vart gjort i slutten av 1997 og andre undersøking er førebels planlagt gjennomført våren år 1999.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Arbeids- og administrasjonsdepartementet
Prosjektnummer:
5164
Prosjektleiar:
Seniorforskar