Ansvars- og myndighetsfordeling mellom stat og kommune på miljøområdet - oppsummering av tidligere erfaringer

Prosjekt

Prosjektnr

2190

Tidsrom

05.12.2000 - 28.02.2001

Prosjektleiar

Oppdragsgjevar

Dei sentrale målsetjingane med reforma Miljøvern i Kommunene (MIK) var

(1) styrking av den kommunale miljøkompetansen gjennom tilskot til stilling som kommunal miljøvernleiar og oppfordring om at kommunane oppretta eigne politiske miljøvernutval;

(2) styrking av den kommunale miljøvernplanlegginga i form av såkalla Miljø- og naturressursprogram; og

(3) delegering av miljøvernoppgåver frå statleg til kommunalt nivå.

Evaluering av MIK-reforma har vist at dei to første målsetjingane til ei viss grad er nådd, medan den siste målsetjinga som gjeld delegering av miljøvernoppgåver berre er nådd i avgrensa grad. I samband med satsinga Forny Offentlig Sektor ønskjer Miljøverndepartementet i løpet av hausten 2001 å ta opp spørsmålet om auka delegering av miljøvernoppgåver frå stat til kommune. Departementet ønskjer å få utgreidd følgjande spørsmål:

1. har kommunane tilstrekkelege verkemiddel i forhold til ønska miljøtilstand og tenestetilbod, eller er det behov for auka tilgang på verkemiddel -i tilfelle kva typar verkemiddel og på kva område?

2. har kommunane tilstrekkeleg kompetanse for å utøve den myndigheit dei er tillagt i dag, og vil overføring av nye oppgåver auke kompetansebehovet?

3. kva er erfaringane med formidling av statlege styringssignal og samhandling/dialog stat-kommune, inkludert spørsmålet om rapportering frå stat til kommune?

4. kva opplever kommunene som dei mest kritiske faktorane for å få større gjennomslag i det kommunale miljøvernarbeidet?

5. korleis kan overføring av nye oppgåver og ansvarsområde frå stat til kommune best organiserast?

6. kva støttefunksjonar har kommunen behov for ved ei auka delegering av miljøvernoppgåver fra stat til kommune?

Vestlandsforsking og ProSus skal oppsummere erfaringar frå tidlegare utviklingsarbeid innafor kommunalt miljøvern som kan vere relevant i forhold til dei same problemstillingane. Ei forutsetning frå departementet si side er at det skal gjennomførast eit seminar med aktørar frå forsking og forvaltning i andre halvdel av januar og at det skal vere ferdig ein rapport innan utgangen av februar.