Om Vestlandsforsking

Vestlandsforsking
Postboks 163
6851 Sogndal

Besøksadresse: Fosshaugane Campus,  Røyrgata 4

Kart

Telefon: 906 33 600
Faks: 947 63 727

Styret

Administrasjon

 

 

Vestlandsforsking er eit oppdragsbasert forskingsinstitutt. Instituttet er organisert som stifting og vart etablert 13. mars 1985. Sogn og Fjordane fylkeskommune var formell stiftar. Instituttet er lokalisert i Sogndal i Campus Fosshaugane. Instituttet har ca.25 tilsette og ein årsomsetnad på ca. 22 mill kroner (2015).

Regionalt kunnskapsknutepunkt
Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane utgjer eit samla regionalt kunnskapsmiljø med om lag 200 fagstillingar. Forskarar ved Høgskulen deltek òg i VF sine prosjekt.

Grunnleggande ide
Kunnskap for eit ope og berekraftig samfunn

Verdigrunnlag
Vestlandsforsking utfører kritisk og uavhengig forsking som møter kunnskapsutfordringar i samfunnet.

Verksemda er kjenneteikna ved tverrfagleg forsking, høg kvalitet, openheit, kunnskapsdeling og godt arbeidsmiljø.

Overordna mål
VF skal gje synlege bidrag i forskingsfronten nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet vårt skal bidra til ei kunnskapsbasert samfunns- og næringsutvikling.

Finansiering
Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i VF. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til fagleg utvikling, prosjektutvikling og kvalitetssikring. Ved etableringa i 1985 gjekk Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kroner.

Organisering
Vestlandsforsking blir leia av styret samansett av sju medlemer. Sogn og Fjordane fylkeskommune vel fleirtalet av desse, medan Norges Forskningsråd vel eitt medlem. Den daglege leiinga av instituttet blir ivaretatt av direktøren. Forskingsområda er organiserte tematisk og leia av forskingsleiarar og administrative gruppeleiarar.

Kompetanse
Vestlandsforsking har kompetanse innan samfunnsfag, naturfag, teknologifag og humanistiske fag.

Kvalitetssikring 
Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved eit eige internt system for kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.

 


Kontaktpersonar

Merete Lunde

Direktør

996 07 678

ml@vestforsk.no