Etablerarverkemiddelet Alkymisten - evaluering av prosess og resultat

Notat
Id:
2004-04

 

 

Alkymisten er eit verkemiddel for å hjelpe ungdom fram mot etablering av lønsame verksemder. Innovasjon Norge har gjennomført Alkymisten tre gonger i Sogn og Fjordane. Evalueringa byggjer på erfaringar frå deltakarane og involverte personar rundt gjennomføringane (rettleiarar og støtteapparat).

Deltakarane er stort sett nøgde med det metodiske opplegget. Den faglege lærdomen dei oppnår er i grove trekk sett på som litt for liten, men kurset er intensivt mot fleire store fagfelt. Utkomet frå Alkymisten er delt mellom interne og eksterne effektar. Dei viktigaste interne effektane syner seg å vere ein raskare og betre oppstart av verksemdene. Samt at deltakarane er blitt betre bedriftsetablerarar, og har fått utvida nettverk. Den eksterne nytten gjennom at deltakarane står fram som kunnskapsspreiarar og inspiratorar i eit lokalmiljø/vennekrins ser ut til å vere god, og er sett på som eit viktig utkome.

 

notat4-04.pdf (97.7 KB)