Industriell økologi

Fagområdet industriell økologi tek opp miljøspørsmål knytt til industrielle system og industriprodukt. Ved Vestlandsforsking har vi særleg forska på korleis konkrete produksjonsprosessar og produkt kan bli meir klima- og miljøvenlege. Vestlandsforsking var tidleg ute med å introdusere temaet transport og mobilitet i samanheng med industriell økologi. Livsløpanalysar (LCA) er ein sentral forskingsmetode på dette området.

Vi har i mange samanhengar utført miljøvurderingar av alternativ teknologi, til dømes analysar av miljø- og helserisikoen knytt til stoff som kan erstatte miljøfarlege og helseskadelege stoff i elektronikkprodukt. Vestlandsforsking har m.a. koordinert EU-prosjektet Europe-China Cooperation in Green Electronics Production Research (EC-GEPRO). Vi har elles gjort livsløpsvurderingar av ny produksjonsteknologi for mikroprosessorar og solceller.

 

Prosjekt

Artiklar

  • Plastrydding

    Forskarar frå prosjektet Shift-Plastics fekk nyleg vere med Rydd Sogn og Fjordane på strandrydding langs kysten utanfor Florø. Blant dei som deltok var trainee Bror Kristian R. Tandberg og bachelorstudent Madeleine Fisher frå Canada, som hospiterte ved Vestlandsforsking i haust.

  • Svalbard i sol og blå himmel med snø og skuter i forgrunnen. Fjell bak

    Turismen til Svalbard har auka markant dei siste åra, men kva kostar det for klima og miljø? Det har NTNU-student Gina Birkeland Milde frå Høyanger forska på, som del av TourRisk, eit internasjonalt reiselivsprosjekt leia av Vestlandsforsking.

  • Mann framfor lerret med nærbilde av ei hand som held ein iPhone med stor skjerm.

    At stadig fleire av oss brukar smarttelefonar til stadig meir, er dårleg nytt både for klima og miljø. Og kanskje på måtar som vil overraske deg, skriv Idun A. Husabø i denne populærvitskaplege artikkelen, som òg er publisert på forskning.no.

  • Hand med svarte klumpar frå eit glas

    Har du bioavfall som du ynskjer å utnytte betre? Eller er du nyfiken på korleis ein kan dra nytte av biokol til jordforbetring og klimatiltak i landbruket eller bygg- og anleggsnæringa? Eit ope nettmøte 26. mars kan gje deg nyttig innsikt.

  • To kvinner med prøvar av svart biokol i handa

    Vestlandsforsking bidreg i eit prosjekt som kan vere starten på biokol-produksjon i Sogn. Avfallsselskapet SIMAS håpar å spare både kostnader og klimautslepp på å handtere det biologiske avfallet lokalt.

  • Foto

    Samuel og Eir-Hild, to 10.-klassingar ved Luster ungdomsskule i Gaupne, var nyleg utplasserte ved Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet i tre dagar. Der utførte dei enkle forskingsoppgåver og blei kjende med mange som arbeider med forsking og undervisning.