Kunnskap for utvikling av sameksistens mellom jakt, vandring og stisykling på Kaupangerhalvøya

Rapport
Id:
2015-8

Auka jakt, vandring og sykling på Kaupangerhalvøya har skapt eit potensiale for konflikt, men hittil har det vore få konkrete konfliktsituasjonar ute i terrenget. Dei fleste brukarane tilpassar seg til kvarandre for å unngå konflikt, men situasjonen er ikkje stabil. Denne rapporten gir kunnskap om bruken av halvøya og om korleis ulik bruk påverkar kvarandre. Prosjektet har gjennomført ein dialogprosess med deltaking frå dei sentrale brukargruppene med mål om å utvikle tiltak for å skape sameksistens. Mellom anna vart det semje om at Sogn terrengsykkel bør utforme eit sogndalstillegg til stivettreglane for terrengsykkel, at kommunen bør opprette eit kontaktorgan for nyskapande friluftsliv og at jakta i september fortrinnsvis går føre seg  i dei høgareliggande områda av halvøya. Eigenevaluering av dialogprosessen tyder på at prosessen i seg sjølv var konfliktdempande og at deltakarane fekk betre innsikt og forståing i andre sine synspunkt og  bruk av område. I eit hovudprosjektet er planen å utforme og teste eit forvaltningssystem for fleirbruk i fleire kommunar.