Rapport
Id:
2009-8
Utgjevar:
Vestlandsforsking

Samandrag: Ny rapport om klimamerking av mat

 

Rapporten er en del av eit delprosjekt om ”mat” innafor prosjektet ”Sustainable Destination Norway 2025”. Nærings- og handelsdepartementet ga i 2008 ei løyving på 6 mill kr til forskingsprosjekt ”Sustainable Destination Norway 2025” ved Forskingssenter for berekraftig reiseliv. Det 4-årige arbeidet skal stimulere debatten om reiselivsutvikling i Norge og auke kunnskapen om utfordringar og potensiale knytt til ulike utviklingsretningar. I prosjektet set vi fokus på reiselivet sitt bidrag i å nå målet om eit karbonnøytralt Norge og på den måten bidra til å skape eit meir berekraftig reiseliv. I forskingsarbeidet skal vi m.a. utvikle ulike scenario for korleis norsk reiseliv kan sjå ut i 2025, synleggjere kva eit berekraftig reiseliv kan vere og bygge ei kunnskapsbase for beslutningstakarane i reiselivet. Kunnskapsbygging skjer i dialog med ei gruppe internasjonalt anerkjende forskarar på berekraftig reiseliv (Scientific Advisory Board)1 og reiselivet (både næring og forvaltning), m.a. gjennom dei årlege Balestrand Summit2.

Denne rapporten omhandlar kva kunnskap vi har omkring klimagassutslepp frå forbruk av mat. Føremålet med rapporten var å skaffe fram kunnskap for å kunne lage ein ”klimakalkulator” for serveringsbransjen, slik at dei kunne rekne ut kor store klimagassutslepp deira verksemd eller ein gitt meny har, og på den måten også få eit verktøy for å redusere utsleppa ved å endre meny, råvareval og framstillingsmåte. Rapporten dokumenterar at kunnskapsgrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg for å lage denne typen verktøy. I denne konklusjonen ligg også at eksisterande verktøy som har ein slik ambisjon ikkje held kvad ei lovar. Samstundes viser gjennomgangen av den
internasjonale kunnskapsstatus på området at kunnskapen er tilstrekkeleg til å gje nokre generelle råd; noko vi presenterar i denne rapporten.