Berekraftig hytteutbygging. Casestudie av hyttebygging i Stryn kommune

Rapport
Id:
2016-2

Reiselivsplanen for Sogn og Fjordane (2010) har som eit delmål å auke den private hytteturismen i fylket, men planen uttrykker samstundes eit mål om at det skal skje på ein berekraftig måte. I denne rapporten skildrar me berekraftutfordringar knytt til hyttebygging og identifiserer 26 kritiske spørsmål utbyggjarar og planleggarar bør reflektere over når dei skal utvikle eit hyttefelt. Dei 26 spørsmåla er knytt til transportutslepp, energiforbruk, biologisk mangfald, kommunalt tenestetilbod, lokal verdiskaping, privat hytteøkonomi, bustadavhengig livskvalitet, landskaps- og kulturverdiar, friluftslivs- og rekreasjonsområde, støy og forureining og andre brukarinteresser. Med hytteområde i Stryn kommune som case vurderer me korleis den nasjonale, regionale og lokale hyttepolitikken tek omsyn til dei identifiserte berekraftomsyna. I den oppsummerande delen konkluderer me med at case-studiet syner at stasjonær og mobil energibruk ikkje står på dagsorden, at utbyggingsomsyn vert prioritert over miljøomsyn i arealplanlegginga, at høgt hyttetal aleine ikkje sikrar lokal verdiskaping, at hyttefelta er einsidige og til dels usosialt utforma og at ein meir berekraftig hyttebygging truleg krev meir politisk styring. Rapporten kjem avslutningsvis med nokre forslag til korleis kommunar og fylkeskommunar kan styre hyttebygginga i ein meir berekraftig retning.