Arealplanlegging for framtidas klima. Samandragsrapport

Notat
Id:
2015-5

Halvor Dannevig, Carlo Aall, Stein Bondevik, Lisbeth Dahle, Kyrre Groven, Eli Heiberg, Martin Miles og Asbjørn Rune Aa (2015): Arealplanlegging for framtidas klima. Samandragsrapport.

Rapporten samanfattar resultata frå prosjektet «Arealplanlegging for framtidas klima» (AREALKLIM). Ein hovudkonklusjon frå prosjektet er at dårleg kvalitet i planlegginga kan vere ei viktig årsak til naturskade på eksisterande infrastruktur. Dersom arealplanlegginga skjer i tråd med [fyller krava i] dagens lovverk, vil det kunne sikre at ny infrastruktur blir godt nok sikra mot fare for naturskade ut frå dagens klimatilhøve. Arealplanlegginga slik den skjer i dag sikrar ikkje god nok tilpassing til klimaendringar.

Prosjektet peikar på fleire grunnar til at mange kommunar står dårleg rusta til å tilpasse seg eit «villare og våtare» framtidsklima: Det er for svake statlege styringssignal på klimatilpassing, særleg små og mellomstore kommunar har for dårleg kapasitet til å drive god arealplanlegging, det er for liten vilje til å avklare naturfarekonfliktar lokalt i overordna planar, det manglar lokale ressursar til å gjere grundige naturfarevurderingar og det manglar god nok kunnskap om i kva grad klimaendringar vil endre naturfaresituasjonen lokalt.

Desse utfordringane blir forsterka av enda to forhold: Effektiv klimatilpassing føreset eit godt samarbeid mellom sektorar og mellom forvaltningsnivå, noko som ofte er vanskeleg å få til. I tillegg kjem politiske signal frå nasjonalt hald om mindre bruk av statleg motsegn i arealplansaker. Erfaringar frå prosjektet viser at trugsmål om statleg motsegn er viktig for å motivere kommunar til å vurdere naturskaderisiko og korleis klimaendringar kan påverke risikoen for naturskadehendingar. Prosjektet har vidare vist at fordi klimaet allereie er i endring, må arealplanlegginga alt i dag handtere risiko knytt til naturfare på ein ny måte. Somme stader fører meir nedbør og  høgare temperatur enn det som vert rekna som normalt til uventa risikoar knytt til flaum og skred. Dette kan vere svært krevjande for kommunane å førebu seg på.