Sognefjord.no - presentasjon av reisemålet Sognefjorden på nettet

Prosjektet skal presentera Sogn som turistmål på nettet. Vevtenesta www.sognefjord.no vil bli det sentrale navet med lokale vevtenester for overnattingsbedrifter, opplevingssenter og turistkontor knytt opp. Målet er at desse vevtenestene kvar for seg skal framstå som kvalitetsmessig gode tenester både når gjeld innhald og brukartilpassing. Dei skal utfylle kvarandre, henge saman fysisk (lenking og eventuelt semantisk tillegg) og vise at dei høyrer saman tematisk (designelement). Dei skal til saman gi eit fullstendig bilde av regionen som reisemål. Biletet skal samsvara med kriteria brukt av National Geographic Travel i vurderinga som peika Vestlandsfjordane ut som det fremste reisemålet i verda.

Det er også eit mål at portalen skal bli så synleg som muleg ved søk i dei mest brukte søkemotorane. Metodane som vil bli brukte er intervju av turistar, spørjeundersøking på vevtenestene, brukartestingar og ekspertvurderingar. Resultatet av desse undersøkingane vil bli analysert og brukt til å forbetre både innhald og brukarane sin kommunikasjon med vevtenestene. Effektiv bruk av kart og multimediale element vil bli vurdert spesielt, både for vanlege nettbrukarar og for mobile brukarar.

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Visit Sognefjord
Prosjektnummer:
5264
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar: