Mulegheiter og hindringar for berekraftig praksis

Med utgangspunkt i erfaringar frå prosjektet "Kartlegging av hindringer for å oppnå en mer bærekraftig produksjon og forbruk", utført av ProSus og Vestlandsforsking for SFT, samt erfaringar frå Grønn Stat, Miløbyprogrammet og Miljøheimevernet, skal Vestlandsforsking gjennomføre ein analyse av kva som stimulerer til miljøvenleg handling, kva metodar som virkar. Prosjektet skal også sjå på drivkrefter, utviklingstrekk og hindringar som blir sett på som medverkande årsak til at det blir vanskeleg å gjennomføre ein miljøvenleg praksis i kommunar, næringsliv og for einskildmenneske. Prosjektet skal ta utgangspunkt i at meir enn 200 norske kommunar ønskjer å følgje tilrådingane i Fredrikstaderklæringa og på den måten gje uttrykk for at dei tek arbeidet med berekraftig utvikling på alvor. Analysen blir i første omgang avgrensa til områda avfall/gjenvinning, transport og energi.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Miljøverndepartementet
Prosjektnummer:
2183
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar