Minoritetsungdom og deltaking i produksjon og forbruk av sosiale medium

Prosjektet "minoritetsungdom og deltaking i produksjon og forbruk av sosiale medium" skal studere innvandrarungdom sin bruk av digitale og elektroniske medium i forhold til den offentlege debatten.  Formålet med prosjektet er å beskrive og produsere ein typologi av dei ulike måtane som innvandrarungdom deltek i og er synlege i på World Wide Web, for å å utforske grensene og potensialet i veven som verktøy for inkludering.

Følgjande forskingsspørsmål vil bli belyst:

I kva grad deltek innvandrarungdom aktivt på nettet?

a) I kva grad produserer dei media (tekstar, lyd og visuelle)?

b) I kva grad deltek dei i offentlege debattar på nettet?

Kva kulturelle diskursar artikulerer dei i sine kreative produksjonar og diskusjonar og i kva grad er desse knytt til den dominerande diskurs om innvandrarar og deira eigen situasjon?

I kva grad finn unge innvandrarar eit publikum for sine digitale produksjonar, og kva potensiale har dei for å bli høyrde og anerkjende?

I kva grad deltek dei i breiare offentlege samanhengar?

 

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Medietilsynet
Prosjektnummer:
6186
Prosjektleiar:
Prosjektmedarbeidarar:
Aktuelt:
  • Vestlandsforsking har fått eit nytt prosjekt med forsking på minoritetsgrupper sin bruk av IT. Oppdragsgjevar er Medietilsynet ved programmet ”Rådet for anvendt medieforskning” (RAM).