Torkjel
Solbraa
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
M.Sc.
Telefon:
Tilsett:
05.01.2015

Torkjel byrja som reiselivsforskar ved Vestlandsforsking i 2015. Han arbeider for tida med forskingsprosjekt om opplevingsturisme og om berekraftig reiseliv. Torkjel har også ein koordinerande rolle i gjennomføringa av eit strategisk forskingsprogram på reiseliv ved Vestlandsforsking.

Tidlegare har Torkjel jobba som seniorrådgivar for reiseliv i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som prosjektleiar for naturarvprosjektet i Luster kommune og som naturfagleg konsulent i Ecofact AS. Torkjel har også vore forelesar i naturbasert turisme ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Torkjel har mastergrad i utmarksbasert næringsutvikling frå NMBU på Ås. Masteroppgåva hadde tittelen: «Aurland 2025 – framtidsscenarier for småkalareiselivet og Aurland Natur- og Kulturarv». Han har ein bachelorgrad i naturforvaltning frå same universitet og eit toårig høgskulestudie i friluftsliv-, natur- og kulturvegleiing frå Høgskulen i Telemark. Torkjel har også studert eit år ved Montana State University i USA.