Marta
Baltruszewicz
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Telefon:
Tilsett:
06.10.2014

Marta har to mastergradar – ein master i sosiologi frå Universitetet i Warszawa i Polen (2011) og ein master i industriell økologi frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (2014).

Tittelen på avhandlinga hennar i industriell økologi var “Dynamics of energy and carbon emissions in residential building stocks – The role of solutions for single-family houses built between 1980-1990”. Mastergraden tok for seg tema som livsløpsanalyse, materialstraum-analyse, kryssløpsanalyse, handel og miljø, energibruk i bygningar og miljø- og ressursøkonomi.

I studietida har Marta delteke i ulike prosjekt: eit polsk-norsk prosjekt knytt til energi frå bioavfall og eit prosjekt om usikkerheitsfaktorar i multi-regionale input/output-data. I tillegg har ho erfaring med verifisering av miljødeklarasjonar (EPD) for byggevarer.

Marta har vore tilsett som forskar ved Vestlandsforsking sidan 2014. Ho har arbeidd med prosjekt som tek for seg både kvantitative og kvalitative metodar, og som er tett kopla til norske og internasjonale forskarnettverk. Eit eksempel er EU-prosjektet Household preferences for reducing greenhouse gas Emissions in four European High Income Countries (HOPE).

I HOPE-prosjektet hadde Marta ansvaret for å førebu spørjeundersøkingar til husstandar i case-byen Bergen. Ho utvikla òg eit verktøy for å kartlegge karbonavtrykket til husstandar. Marta si største faglege interesse i prosjektet er knytt til å forstå husstandane sitt perspektiv og å utforske kor vidt medlemmane av husstanden kan vere interesserte i å justere livsstilen sin til beste for klima og miljø. I tillegg til arbeid knytt til karbonavtrykk, jobbar Marta med livsløpsanalysar innan forskingsprosjekt knytt til tema som karbonbalansen i skogane på Vestlandet (BalanC). 

Publikasjonar:
Prosjekt: