Hanna
Kvamsås
tidlegare tilsett

Hanna Kvamsås har mastergrad i samfunnsgeografi frå Universitetet i Oslo med fagleg fordjuping innan klimatilpassing og utviklingsgeografi. Tittel på masteroppgåva var «Challenging current approaches to climate change adaptation : A study of climate change adaptation in El Salvador». Oppgåva utforskar korleis subjektive element som verdssyn, kjensler og verdiar kan påverke tilpassing til klimaendringar.

Frå 2014-16 arbeidde Hanna som rådgjevar i Fagforbundet med yrkesgrupper innan renovasjon, samfunnsplanlegging, bygg og arealforvaltning. I 2013 var Hanna praktikant i Utanriksdepartementet ved Den norske ambassaden i Hanoi, Vietnam.

Hanna begynte som forskar ved Vestlandsforsking i august 2016.

Publikasjonar: