Norsk-tsjekkisk energisamarbeid

""
Besøk på Norsk Bremuseum i Fjærland

Å spare energi er like viktig i Tsjekkia som i Noreg. I vår har forskarar Praha og Sogndal møttest for å førebu felles forsking på temaet.

Aktuelt

I mars var to tilsette ved Vestlandsforsking på ein innleiande tur til University Centre for Energy Efficient Buildings , som er ein del av Czech Technical University i Praha. Marit Haugan Hove og Marta Baltruszewicz, som forskar på høvesvis velferdsteknologi og klima- og energispørsmål, møtte tsjekkiske forskarar for å drøfte framtidig forskingssamarbeid. Dei fekk òg omvising på eit laboratorium og besøkte to byar som har eit samarbeid med det tsjekkiske instituttet.

Offentleg energisparing

Då ein delegasjon frå det same instituttet i Praha kom til Sogndal, fekk dei ei innføring i noko av forskinga som går føre seg i Sogn og Fjordane på temaet energieffektivisering. Fleire kommunar og bedrifter i fylket har dette høgt på agendaen. Dei tsjekkiske gjestene var i hovudsak forskarar og prosjektleiarar som har energisparing som spesialfelt, og dei fekk høyre folk frå Eid kommune og konsulentfirmaet Segel snakke om fjordvarme og energisparing. Tsjekkarane møtte òg representantar for energiselskapet Sognekraft og var på omvising ved vasskraftanlegget i Årøy og på Fosshaugane Campus.

Smarte byar

Eit tema som heng saman med energisparing òg opptek forskarane i begge landa er såkalla «smarte byar» EU-konseptet «smarte byar. Kort fortalt er målet at kommunar skal ta i bruk nye, smidige og lure løysingar på alle samfunnsområde. Slik skal dei fremje utvikling, livskvalitet og verdiskaping.

Både Vestlandsforsking og instituttet i Praha har hatt mykje å gjere med mindre distriktskommunar, og smartby-konseptet er eit tema ved begge institutta.

Kontakt med kommunar

Eitt av spørsmåla forskarane er interesserte i å utforske, er korleis kommunar og lokalpolitikarar lettare kan få tilgang til kunnskap frå regionale forskingsmiljø og omvendt.

– Teknologi- og konseptutviklinga for smarte byar er under utvikling både i Tsjekkia og i Norge, men det er framleis stort potensial for meir effektivt samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og kommunar med fokus på utvikling, livskvalitet og verdiskaping, seier forskar og seniorrådgjevar for EU-forsking, Zuzana Nordeng, som i fjor vart tilsett ved Vestlandsforsking. 

Felles søknad

Dette og andre spørsmål om smart bruk av energi håpar forskarane å ta tak i når dei i kjølvatnet av vårens besøk skal utforme felles forskingsprosjekt til nytte for små kommunar. Zuzana Nordeng fortel at vårens utveksling har gitt grobotn for ein felles søknad til EU sitt forskingsprogram Horisont 2020.

– Planen er å søke midlar til forsking på energieffektivisering i offentleg sektor. Dette vil vi gjere saman med både kommunar og private verksemder i Sogn og Fjordane og det tsjekkiske fagmiljøet.

Søknaden som er i emning er gler direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde av fleire grunnar.

– Energieffektivisering vil bli viktig i tida som kjem, og temaet opptek mange. For Vestlandsforsking er det av stor fagleg verdi å samarbeide med forskarar frå andre land om dette. Samarbeidet styrkar òg rolla vår som brubyggjar mellom internasjonale FoU-miljø og regionen, seier Lunde.

Forskingsmidlar frå EØS

Vårens norsk-tsjekkiske utveksling kom i stand ved hjelp av EØS-midlar, altså forskingsmidlar henta frå Norge sitt bidrag til sosial og økonomisk utjamning i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS).

Slike midlar blir nytta til å finansiere både kunnskapsdeling og forskingssamarbeid med en rekkje europeiske land, og Vestlandsforsking og andre verksemder i fylket har dei siste åra drege nytte av økonomisk støtte til samarbeide med fagmiljø i land som Romania og Portugal, mellom anna om tilpassing til klimaendringar.

Liknande samfunnsutfordringar

I tillegg til nettverksbygging og deling av fagkunnskap, fekk forskarane som var i Tsjekkia eit visst inntrykk av samfunnsforholda der. For Marit Haugan Hove var det kanskje mest overraskande at dette nokså urbane landet hadde samfunnsutfordringar ho kjende att frå Vestlandsforsking sin heimeregion.

- Sjølv om geografi og samfunnsforhold er ganske ulike i dei to landa, er infrastruktur og bevaring av småbyar og bygder ein like viktig kampsak hjå dei som her – spesielt i vårt fylke, seier Hove.

Gjestene frå Tsjekkia var på si side forbløffa over at ein stad på Sogndal sin storleik kunne mønstre eit anlegg som Fosshaugane Campus, der Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet og mange mindre verksemder held til.

- Dei merka seg òg at instituttet vårt låg såpass langt unna ein større by, og at det ikkje var problematisk for oss, seier Hove.