Moglegheiter i H2020 – Prosjektverkstad IKT og beredskap

""
Foto: Sverre Hjørnevik

Prosjektverkstad 31. mai: EU-nettverk for Sogn og Fjordane ønskjer å legge til rette for at næringsliv, offentlege etatar og FoU-institusjonar i regionen kan finne saman om nye forretningsmoglegheiter som kan utløyse forskings- og innovasjonsmidlar frå EU.

Aktuelt

Horisont 2020 er verdas største arena for forskings- og innovasjonssamarbeid. Det er det nystarta EU-nettverket for Sogn og Fjordane som inviterer til samlinga, og du er velkommen til å bli en del av nettverket.

Du vil mellom anna møte:

Henning Maagerud, seniorrådgjevar i Forskningsrådet. Han vil informere om korleis H2020 bidreg til internasjonalt samarbeid om beredskap, og om moglegheiter for IT-sektoren i neste arbeidsprogram.

Geir Gjørsvik, CEO i Paneda, vil snakke om kvifor dei ønskjer å «go global», om kva H2020 er for dei og deira erfaringar med søknadsprosessen i H2020. Paneda arbeider med Digial Radio (DAB+) og sikkerheitssystem i tunnelar og bygningar.

Haavard Stensvand, Fylkesberedskapssjef ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Han vil orientere om arbeidet med beredskap i fylket og kva kunnskap som trengst.

Rajendra Akerkar, professor ved Vestlandsforsking vil orientere om pågåande prosjekt ved Vestlandsforsking både innan sosiale medier og beredskap, og innan stordata og transport. Han vil orientere om nye moglegheiter for H2020-prosjekt innan IKT og beredskap, og gi tips til korleis utvikle prosjektsøknadar, etablere nettverk og involvering av sluttbrukarar.

Deltakarar frå offentleg sektor, næringsliv og FoU-miljø er invitert til verkstaden. Hovudtemaet på prosjektverkstaden er IKT og beredskap, og er spesielt relevant for verksemder som arbeider med helse, tryggleik, klimaomstilling eller energi.

På verkstaden vil vi bli betre kjend med kvarandre, høyre om moglegheiter i H2020, lære av andre sine erfaringar, og arbeide med prosjektidear til konkrete utlysingar i H2020. Målet er at vi saman kan utvikle ideane til solide prosjektsøknader som kan utløyse forskings- og innovasjonsstøtte frå EU. Det er Norges Forskningsråd som finansierer nettverksaktiviteten og som har gitt støtte til det regionale EU-nettverket for Sogn og Fjordane.

Stad: Quality Hotel Sogndal

Tid: Onsdag 31. mai kl. 10.00 – 15.00

Pris: Gratis. Det blir servert lunsj.

Arrangør: EU-nettverk for Sogn og Fjordane

Påmelding: Zuzana Nordeng, Vestlandsforsking: zno@vestforsk.no innan 24. mai

Bli gjerne med i nettverket – treff gamle og nye kjende! Velkommen!

Program