God utteljing i verdas største forskingsprogram Horisont 2020

""
Frå venstre: Rajendra Akerkar, Merete Lunde og Otto Andersen. Foto: Øyvind Heimset Larsen

I løpet av sommaren har Vestlandsforsking hatt suksess med to nye forskingsprosjekt i EU sitt store forskingsprogram Horisont 2020.

Aktuelt

Dei to nye forskingsprosjekta startar opp i haust og skal gå i tre år framover. Det eine forskingsprosjektet omhandlar Big Data i transportsektoren, og det andre er innan bioøkonomi. – Innan begge områda står vi ovanfor store samfunnsutfordringar med behov for ny kunnskap for både å utnytte moglegheitene og samtidig ha ei berekraftig utvikling, seier direktør i Vestlandsforsking Merete Lunde.

Nytte for samfunnet

- Det er ei fjør i hatten for Vestlandsforsking å vere på den internasjonale forskingsarenaen med Horisont 2020-finansiert prosjekt på desse to områda, seier Lunde. - Det er krevjande å skrive slike prosjektsøknader. Nålauget er trongt, og det er berre dei beste prosjekta som når opp i konkurransen om finansiering. Ein må kunne gjere godt greie for kva positive effektar prosjektet vil ha for samfunnet, som gjer at ekspertpanelet i EU meiner det er verdt å investere i prosjektet, seier ho. - No har dei investert om lag 5 millionar kroner i forskingsarbeid ved instituttet i Sogn og Fjordane, og det er me glade for, seier Lunde.

Integrering av Big Data i transportsektoren

Professor Rajendra Akerkar er forskaren bak prosjektet om Big Data og transport som Vestlandsforsking både skal leie og koordinere dei neste tre åra. – Sagt enkelt, forklarer Akerkar, dreier Big Data seg om datasett som er for store, for raskt veksande og for ueinsarta til å passe inn i strukturane til dagens databasearkitektur. Storleiken og veksten gjer Big Data svært vanskeleg å analysere. Sjansane for samfunnsnyttig bruk av Big Data i transportsektoren synest endelause, men analysemetodane er berre i sin spede barndom, ifølgje Akerkar. – Det er framleis ein lang veg å gå for å ha godt grep om analyse av store datamengder, seier han.

I prosjektet har han med seg partnarar frå Tyskland, England, Belgia og Nederland. Forskarane skal studere og analysere Big Data i transportsektoren i Europa, og prosjektet skal ende opp med anbefalingar om korleis ein best bør integrere og bruke Big Data i transportsektoren. Målet er meir sikker, effektiv og berekraftig transport.

- Vårt prosjekt konkurrerte med 18 andre internasjonale prosjekt som søkte om dei same midlane, og var eit av berre to prosjekt som fekk finansiering. Det seier oss at prosjektet er av god kvalitet og me gler oss til å starte opp, seier Merete Lunde, direktør ved Vestlandsforsking.

Avfall som ressurs

Det andre 3-årige Horisont 2020 prosjektet som kom gjennom nålauget i sommar er innan bioøkonomi. Det skal leiast frå Italia, og det er 16 partnarar frå 13 land som skal samarbeide om å bygge nettverk for auka bruk av avfall som materialressurs.

Vestlandsforsking er den norske partnaren i prosjektet og det er forskar Otto Andersen som er ansvarleg for arbeidet. - Vi skal sjå på kva barrierar som finst for produksjon av biobaserte produkt som til dømes bioplast, og utvikle strategiar for å overkomme barrierane, forklarar Andersen. - I prosjektet skal vi lage ein oversikt over gode døme på bruk av biologisk restavfall som erstatning for fossile råstoff i produkt, både i Europa og andre deler av verden. I tillegg skal vi identifisere moglegheiter for næringsutvikling knytt til nye biobaserte produkt, seier han.

Rekruttering

I Vestlandsforsking er forskingsgruppene både internasjonale og tverrfaglege, med både samfunnsvitarar og realistar. - Finansieringa frå EU som no er på plass gjer det mogleg å rekruttere ein forskar på området Big Data og transport, seier Merete Lunde.

Vi er godt nøgde med å kunne gi ein ny forskar anledning til å delta i eit EU-prosjekt, seier Merete Lunde. - Send oss gjerne CV-en viss er aktuelt for deg å jobbe med Big Data og transport, seier Lunde. – Eg er glad for moglegheita til å bygge ytterlegare forskingskapasitet her heime, og det kan komme lokale og regionale verksemder til nytte, avsluttar ho.