Bitcoin og blokk-kjede på eGov 2017

"Svein Ølnes St. Petersburg"
Svein Ølnes i aksjon på konferansen i St. Petersburg. Foto: Arild Jansen

Forskar Svein Ølnes heldt opningsforedraget (keynote) på årets eGov/ePart-konferanse i St. Petersburg.

Konferanse

Bitcoin og blokk-kjede i offentleg sektor er eit tema Ølnes er nokså åleine om førebels, og eit tema som det er stadig meir merksemd kring. eGov/ePart er ein vitskapleg konferanse for forsking om e-forvaltning og e-demokrati. Konferansen blir arrangert årleg og ulike universitet i Europa er vertskap. Årets konferanse vart halden ved ITMO-universitetet i St. Petersburg, Russland. ITMO er eit velrenommert universitet med vekt på teknologi, og dei har også forsking på e-forvaltning.

I tillegg til opningsforedraget presenterte Svein Ølnes også den vitskaplege artikkelen "Blockchain Technology as a Support Infrastructure for e-Government" saman med med-forfattar professor emeritus Arild Jansen ved Universitetet i Oslo.

Lenke til dei to presentasjonane:

"Bitcoin and blockchain in eGovernment" (https://www.slideshare.net/sveino/egov2017keynote)

"Blockchain Technology as a Support Infrastructure in e-Government" (https://www.slideshare.net/sveino/egov2017-blockchain-technology)