Studentar forska på klimakutt

Alternativ tekst
Bildetekst.

Tre studentar i fornybar energi har utført ein mini-variant av Vestlandsforsking sitt HOPE-prosjekt i Sogndal. Dei har stilt spørsmålet: Dersom du var nøydd til å gjere hushaldet ditt meir klimavennleg, kva tiltak ville du satsa på?

Aktuelt

Intervju i Sogndal

Studien tok for seg kva slags klimakutt folk var villige til å gjere heime hjå seg sjølv for å bidra til reduserte klimagassutslepp. Problemstillinga og framgangsmåten har studentane henta frå HOPE, eit internasjonalt forskingsprosjekt på klimakutt der Vestlandsforsking deltek. Den norske delen av prosjektet byggjer på intervju i 75 hushald i Bergen, medan tilsvarande studiar er gjort i Umeå i Sverige, Mannheim i Tyskland og Aix i Frankrike.

- Det studentane har gjort i Sogndal, er ei miniatyr-utgåve av intervjurunden vår i Bergen, forklarer Marta Baltruszewicz, som stått for opplæring og rettleiing av studentane.

Fornybar energi

Studentane Ragnhild Berge Feidje, Silje Helene Johnsen og Bjørnar Ophaug Boge har no avslutta bachelorstudiet i fornybar energi, der oppgåva dei leverte om klimakutt var den siste delen.

- Bakgrunnen for val av oppgåve er interesse for tema som handlar om å bevege samfunnet i ei klimavennleg retning, skriv studentane i forordet.

Viktige, men vanskelege flyreiser

Studentane peikar på flyreiser som ei viktig utsleppskjelde. I visse hushald kjem halvparten av det såkalla «karbonfotavtrykket» frå transport og reising.

«Dette viser at å gjøre kutt her er en stor og viktig del av å redusere klimagassutslipp», skriv dei. Men intervjua deira viste òg fort at dette var eit kinkig punkt å endre. Folk var generelt lite villige til å gje frå seg reisene sine.

«Dette betyr egentlig at disse tiltakene er mest nødvendig å kutte i for å halvere det opprinnelige karbonfotavtrykket til husholdninger», skriv studentane i konklusjonen sin.

Sjølv om studentane valde å halde seg til tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane når dei skulle gjere intervju, gir bacheloroppgåva deira innsikt i den generelle viljen folk i Sogndal har til å gå i klimavenleg retning heime og på fritida.

HOPE er et internasjonalt forskningsprosjekt som ein del av EU si ordning «Joint Programming Initiatives». HOPE står for “Household Preferences for Reducing Greenhouse Gas Emissions in Four European High Income Countries.” Den norske delen av prosjektet er finansiert av Forskningsrådet sitt program KLIMAFORSK. Meir informasjon om prosjektet finn du på prosjektnettsida: hope-project.net og Facebook-sida www.facebook.com/hopenorway.