Nytt forskingsprosjekt skal førebyggje giftige verknader av klimaendringar

""

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Vestlandsforsking, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland har fått støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet til eit nytt forprosjekt. Prosjektet skal auke kunnskap om lokale miljøgiftkjelder, korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå desse kjeldene og kva miljøforvaltninga kan gjere for å førebyggje slik skade.

Aktuelt

Klimaendringar og miljøgifter er to av dei viktigaste miljøutfordringar vi står ovanfor lokalt og globalt, som vil verke inn på levevilkåra i naturen på ulike måtar. Miljøgifter er kjemiske stoff, som ikkje vert brotne ned i naturen, hopar seg opp i levande organismar og er giftige. Nyare forsking har vist at klimaendringar kan både auke spreiing av og forsterke effekten av miljøgifter. Denne nye kunnskapen har så langt fått lite innverknad på lokal og regional plan- og miljøforvaltning og klimatilpassingsarbeidet som vert gjort ute i kommunane. Forprosjektet TOKSKLIM «Førebygging av toksiske effektar av klimaendringar på Vestlandet», ynskjer å sjå nærmare på dette.

Det overordna målet med prosjektet er å auke kunnskapsgrunnlaget om lokale kjelder til miljøgifter og korleis klimaendringar kan påverke spreiing av miljøgifter frå desse kjeldene. TOKSKLIM vil søkje å finne ut kva strategiar og verktøy lokal og regional plan- og miljøforvaltning treng for å førebyggje risikoen for auka spreiing av miljøgifter frå ureina lokalitetar både i dag, og i eit endra klima.

«Det er gjort lite studiar som ser på problemstillingar rundt auka ureining som følgje av klimaendringar i Noreg. Det er viktig å sikre god integrasjon mellom arbeidet som vert gjort innan miljøforvaltninga og i klimatilpassingsarbeidet, skal vi nå måla om god økologisk miljøtilstand i vassførekomstar og eit meir giftfritt samfunn», seier forskar Torunn Hønsi, ved Vestlandsforsking.

Prosjekteigar er Sogn og Fjordane Fylkeskommune ved seniorrådgjevar Merete Farstad, og fagleg prosjektleiar er forskar Torunn Hønsi ved Vestlandsforsking. Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland bidreg både med faglege innspel og med midlar til prosjektet. Forprosjektet er delfinansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet, og skal gjennomførast over eit år.