Kva gir attraktivitet for turistar?

Dersom innbyggjarane brukar torget kjem turistane av seg sjølv», sa reiselivssjefen i Bergen i ein debatt om situasjonen for fisketorget i Bergen på Vestlandsrevyen i august i år. I debatten tok fleire politikarar til orde for å gjere fisketorget attraktivt for byene eigen befolkning. Dei meinte det er samanheng mellom attraktivitet for eigen befolkning og turistane sin bruk av området.

Dette viser ei forståing for forholdet mellom turisme og innbyggjarar som mange destinasjonar, ikkje minst i Sogn og Fjordane, kan ha noko å lære av, etter mitt syn. Kva ligg det i denne forståinga? Jo, at mange turistar ikkje er ute etter regisserte kulisser, men å oppleve det genuine folkelivet slik det arter seg på dei plassane dei besøker.  Små bygder har god grunn for å leggje ei slik forståing til grunn for reiselivssatsinga. Då trur eg at bygdene og byane kan verte attraktive både for turistane og for innbyggjarane.