Skule og IT - BETT 2011

Verdas største årvisse digitale messe for skuleverket er BETT i London. Midt i veke 2 i januar søkte eg -på andre året- og likesinna etter ny teknologi, nettverk og beste/betre praksis. Skandinaviske land er særs godt representerte. Vi snakkar om tusen norske og endå fleire svenske og danske. IT-forum si skulegruppe deltok i fjor . Fylkessatsinga for eit felles verktøy (LMS) for skulane i regi av IT-forum er no avslutta. Det var difor stort sett på eige initiativ at eit titals personar frå fylket deltok. Vi var både digitale innovatørar (vgs), fylkesbyråkratar,  næringsdrivande og forskarar (underteikna).

Du tenkjer ”konferanseturisme”? Det må du gjerne. Vestlandsforsking mfl satsar stort på mindre reising og meir digital nettverking med grønare kunnskapsoverføring –www.kxg.no. Og potensialet for streaming i skuleverket er stort. Men eg ser verdi og nytte i at skulefolket fysisk ivrar rundt og prøver nye verktøy og at dei norske nye og etablerte bedriftene (td. Fronter og Creasa) og kompetansemiljøa elles gjer seg synlege. Besøket kunne med hell vore sett endå meir i system i grupper for å målrette effekten  t.d. slik Innovasjon Norge gjorde våren 2010 for fylkesdelegasjonen i nyskapingsnavet San Francisco. Utan ei fylkesworkshop-ramme vert det truleg BETT2012 utan meg.

Aktørane viste som venta fram siste nytt. Elektroniske tavler var størst i fjor og i tommar større i år. Men modnare 3D var siste nytt, samt at læring skal vere ein leik på no særs vaksne skjermar med profesjonell integrasjon i undervisninga av innkjøpte nyhendeklipp frå same dag og småfagfilmar på 3-5 minutt.  Interaksjon og tilrettelegging for ulike aldersgrupper er sjølvsagt.

VIP- guruar slo inn opne dører om kompetansegap av typen i skulen er det fortsatt mykje "uutnytta potensial” i korleis unge nyttar teknologi”. Men det ER sant, er det ikkje? Papyrus er ut og bok 2.0 er bra og skulane har LMS og heimeside. Men kunden ventar meir. For  elevar og foreldre har meir heime og i stadig bruk på mobilen (unnskyld – iphone-/android-en). Fleire av dei aller største selskapa glimra med sitt fråver. MS og Adobe var der. Men kvar vart Google, Facebook, twitter og Apple av?

Heldigvis hadde teknologi for elevovervaking og kontroll mindre plass i år enn i 2010. Neste år ventar eg ein nettbretteksplosjon.

Teknikkutviklinga frå i fjor til i år kunne vore større, men dei eg spurte sa dei både lærte og fann gull. Høgdepunktet for eigen del var iNet om nettverk for å dele beste praksis. OG ikkje minst verktøy for dialog mellom skule og heim som eg såg særskilt etter (døme). For på norsk tweetup (uformell twitternerdsamling) dukka det opp ein ung norsk grunder med nystarta selskap og satsing på denne utfordringa. Og han bad meg helse to andre unge, lovande eg kjenner her frå Campus Fosshaugane. Den eine er grunder og var først ute i mørket på NRK-sjekkekanalen. Nettverk gjer verda mindre. Men kanskje gjeld det enno å vere fysisk til stades og å vere frampå.