Lokal miljø- og klimapolitikk

Dette forskingsfeltet fokuserer på dei lokale og regionale forvaltningsnivåa som utøvarar av miljøpolitikk, med vekt på dei spesielle utfordringane som knyter seg til målet om ei berekraftig utvikling. Over det siste tiåret har lokal miljøpolitikk i Norge vist ei dreiing frå oppfølging av Brundtlandkommisjonens rapport gjennom Lokal og Regional Agenda 21, til auka merksemd om klimaspørsmål.

Dette skiftet vert også gjenspegla i prosjektaktiviteten ved Vestlandsforsking. Vidare har lokal klimapolitikk utvikla seg frå klima- og energiplanlegging, med einsidig vekt på utsleppsreduksjonar, til også å gjelde klimasårbarheit og tilpassing til klimaendringar. Gjennom arbeid med lokal klimasårbarheit har såleis beredskap og samfunnstryggleik også blitt viktige forskingstema.


Kontaktpersonar

Carlo Aall

Forskingsleiar

991 27 222

carlo.aall@vestforsk.no

Publikasjonar

Prosjekt