Infrastruktur og nettverksutvikling

Informasjonssamfunnet  stiller oss overfor nye utfordringar og i den samanhengen er tilgang til infrastruktur viktig. I IT-samanheng er infrastruktur gjerne nettverk i seg sjølv (breiband, Internett-tilgang), men også ressursar som er tilgjengelege gjennom eit fysisk nettverk.

Vestlandsforsking arbeider spesielt med informasjonsinfrastrukturar; dei infrastrukturane som støtter opp om informasjonssamfunnet. Vi har særleg arbeida med breibandsutvikling og betre tilgang til informasjon og tenester på nettet i tillegg til utvikling av desse. Mykje av infrastrukturarbeidet vårt har vore knytt opp mot IT-forum og det tilhøyrandet Breibandforum. Det har vist seg å vera ei god overbygging for mange IT-satsingar i Sogn og Fjordane.


Kontaktpersonar

Prosjekt