Informasjonsstruktur og informasjonsarkitektur handlar om å gruppera og systematisera informasjon. Det er eit forsøk på å skilja "snørr og barter", for å seia det veldig enkelt.
Vi arbeider med dette feltet ut frå prinsipp og definisjonar utarbeida av mellom andre Louis Rosenfeld og Peter Morville. Dei definerer informasjonsarkitektur slik (i Rosenfeld & Morville: "Information Architecture for the World Wide Web"):
- kombinasjonen av organiserings-, kategoriserings- ("labeling") og navigeringsmåtar i eit informasjonssystem
- strukturering av eit informasjonsrom for å støtta oppgåveutføring og intuitiv tilgang til informasjonen
- fagfeltet for strukturering og klassifisering av nettstader og intranett for å hjelpa brukarar å finna og handtera informasjon
