Rapport
Id:
2011-11

Vestlandsforsking har gjort ei undersøking av bruken av videomøte og nettoverføring (”streaming”) i offentleg og privat sektor på oppdrag frå Distriktssenteret. I tillegg til spørjeundersøkingar og intervju i offentleg og privat sektor har vi også gjort ei eiga undersøking i SIVA-nettverket av næringshagar og kunnskapsparkar. Undersøkinga skal gi svar på kva som er dei viktigaste faktorane for hindring og fremjing av bruken av teknologien.