Rapport
Id:
2012-14

Nordfjordsamarbeidet har lang erfaring med ressurssamarbeid i skulesektoren på tvers av kommunane. Dei innfører i 2011 og 2012 ny teknologi frå Kongsvinger-bedrifta Oppad AS for felles skuleadministrativ programvare og felles læringsplattform (LMS). Den nye løysinga er basert på læringsplattforma frå egyptiske ITWorx og tilpassa norsk oppvekstsektor. I den same prosessen vert eit anna system fasa ut.

Nordfjordsamarbeidet si satsing er støtta av fornyingsmidlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vestlandsforsking si rolle i prosjektet er ei avgrensa evaluering av innføringa av ny teknolgiplattform i pilotperioden, samt deltaking i referansegruppa.

Pilotprosjektet har lukkast godt med å gjennomføre framdriftsplanen i dei 7 kommunane med om lag 40 skular og 30 barnehagar. Framdriftsplanen var ambisiøs med eit stramt tidsskjema. Pilotfasen har vore kort og vellukka. Teknisk tilrettelegging av infrastruktur har gått bra grunna godt arbeid, god dialog og lokalkunnskap. Difor vart pilotane gjennomført på tid og dei er i hausten 2012 i gong med utrulling og opplæring som skissert i søknaden.
Organisering er prosjektet si store styrke. Nordfjord sler sjølv fast at ”Forankring og forarbeid har gjort at Nordfjord har framstått som ei eining og vore lettare å forhalde seg til for leverandør. Enkeltkommunane kunne ikkje gjort denne satsinga.”

Prosessane kommunane har gjennomført med sentral styringsgruppe og brei deltaking framstår som både nødvendige, godt gjennomførte og tilstrekkeleg som grunnlag for vellukka pilotar og vidare drift.
Målsettingane er likevel i overkant ambisiøse når det gjeld å bygge opp delingskultur og styrke skule/heimsamarbeidet. Dette er i mykje større grad kulturrelaterte utfordringar enn det er teknologi. Å handtere dette vert ei viktig rolle for dei lokale fagnettverka.