Strategisk Instituttprogram Lokal Agenda 21

Det strategiske instituttprogrammet tek utgangspunkt i følgjande overordna problemstilling: Korleis kan vi forstå dei prosessane som er knytt til omgrepet Lokal Agenda 21 og korleis kan ein i norske kommunar og på regionalt nivå arbeide med å iverksetje desse prosessane? Det er eit program som rettar seg mot LA21 forstått både som spesifikke krav til innhald knytt i omgrepet berekraftig utvikling, og til internasjonale og lokale prosessar som omset og iverkset slike innhaldskrav. Programmet omfattar eit breitt utval av forskingsaktivitetar frå innsamling og bearbeiding av empirisk kunnskap til komparative studiar, og teori- og metodeutvikling. Vi vil ta for oss samspelet mellom det internasjonale og lokale og regionale nivået, og sjå på korleis ein global miljøproblematikk blir- og kan bli - omsett og følgt opp lokalt og regionalt. Vidare vil vi gjennomføre komparative studiar mellom Noreg og andre aktuelle land når det gjeld LA21-prosessar og -innhald, og søkje å utvikle ei teoretisk forståing av korleis kommunal og regional miljøpolitikk har utvikla seg i Noreg dei siste tiåra. Sentralt står også arbeid med drøfting og utvikling av metodar som kan brukast av kommunar og fylkeskommunar i arbeidet med å omsetje frå ein global til ein lokal miljøproblematikk. Det inneber at programmet ikkje berre har eit deskriptivt siktemål, men også omfattar eit normativt-praktisk utviklingsarbeid. I begge desse samanhengane vil vi nytte oss av fire gjennomgåande case-tema : (1) Klimapolitikk, (2) transport, (3) biologisk mangfald, og (4) stasjonær energibruk. Med grunnlag i analysar knytt til desse case-tema er programmet strukturert med utgangspunkt i tre samanbindande tema: (1) Internasjonal miljøpolitikk og subsidaritet; (2) Ein ny lokal miljøpolitikk ei historisk og teoretisk forståing; og (3) Metodar for omsetting frå globalt til lokalt.
Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Norges forskningsråd
Prosjektnummer:
2173
Prosjektleiar:
Leiande seniorforskar
Prosjektmedarbeidarar: